Fjaler Sparebank

Fjaler sparebank vart skipa i 1873 etter opptak frå Ytre Holmedal sokneselskap . Namnet på banken var dei første åra Ytre Holmedal Sparebank.

Drivkreftene i dette selskapet var distriktslege Lars Stub Heiberg Landmark, bonde Ola Mathiasson Bakke og sakførar Johan Peter Gram Wettergren.

Dei første tre åra heldt banken til i den gamle tingstova i Dale og var open nokre timar kvar fredag. Frå 1876 til 1895 heldt kjøpmann Wilken Nitter hus for banken i privathuset sitt på Yksnebjør.

Filial i Holmedal og Bergen
I 1895 vart det første kommunehuset i Dale bygt. Banken finansierte det meste, og vart også leigetakar fram til sparebanken bygde eige hus i 1923. Dette huset vart brukt som bank til 1969, då Fjaler Sparebank flytta inn i nybygg.

Filial i Holmedal og Bergen
Fjaler Sparebank hadde frå 1914 også kontordagar i Holmedal på nordsida. Filialen i Holmedal er framleis i drift i 2002, med opning ein dag i veka. Banken opna avdelingskontor i Bergen i 2005. Fjaler Sparebank hadde då 20 tilsette og ein forvaltningskapital på rundt ein milliard kroner.

Inn i storbank
I 2010 gjekk Fjaler Sparebank inn i Sparebanken Sogn og Fjordane.

For å logge inn på kontoen din hos Sparebanken Sogn og Fjordane og for å finne ut om andre detaljer, vennligst klikk her.